← attende til bokstova

Bolk av Nye skjemtesogor (1920) av Hans Seland. Lagt ut 17de desember 2024.

Ei lita mistyding

Ola Paalsrud elska brennevin; men ein kan driva det for vidt med elsken og, og Ola hadde gjort for mykje av det. Han fælte for det sjølv. Daa han hadde havt dilla fem-seks gonger, raadde han seg til aa søkja dokter, liksogodt.

Det er ei einaste raad, mannen min,“ sa dokter Hansen i byen. „Det er at du sluttar heilt med alle slag spiritusdrykk!“

„Heh“? sa Ola. „Det kan no vel ikkje vera meining i slikt, daa?“

„Jau; De høyrde kva eg sa!“

„Ja, men fem-seks smaa drammar um dagen kan no vel ikkje gjera nokon mann vondt?“

„Eg sa De laut slutta heilt av!“ sa Hansen.

„Tri-fire drammar daa?“ bad Ola.

”Nei!“ sa Hansen.

„Eit par drammar daa, Herren velsigne Dykk!“

„Nei, høyrer De!“

Ola gjekk med tungt hjarta ifraa han, og fælte for det livet som laag framfor han.  Nei, so ljosnar det for han: med same han var i byen, kunde han likso godt lydast innum hin dokteren, Petersen, og høyra kva han vilde segja.

Petersen sa plent det same som Hansen.  Men so lenge tagg og velsigna Ola til Petersen lova han fekk ta ein einaste dram um dagen.  „Men hugs no paa,“ sa han: „ikkje yver ein desiliter!

Nokre dagar etter er Ola i byen att. Full som ei filla stoggar han Hansen paa gata.

„Hassn! doktor Hassen! Faa tala ved deg!  Veit du kva du er?  Du er ein stor tosk!“

„Kva er eg tosk for? spør Hansen.

„Hassn!  Høyrde du kva eg sa?  Eg sa: du er ein stor fordømeleg tosk!  Nei Petersen, dokter Petersen, – det er dokter!

„Naah; kva kan han som ikkje eg kan?“

„Hassn!  Vil du sjaa meg i auga og svara paa ein ting?  Kan du nokon ting? – Nei, men det er aalvoret mitt: du skulde prøva um du kunde faa læra litt av dokter Petersen, so torde det bli menneskje av deg au!“

„Eg spør kva han kan som ikkje eg kan likso godt!“ segjer Hansen; han held paa aa verta vond.

„Hassn! – Høyr paa meg!  Kan du hugsa kva du sa til meg daa eg søkte hjelp og trøyst hjaa deg?  Hugsar du det?  Du sa eg maatte ikkje smaka brennevin tidare.  Veit du kva Petersen sa?  Han sa:  Du kan ta ein hektoliter um dagen!